Site icon Lykten

Margarets minneside svarer på kritikk

Fra minnesiden til Margaret Molland Sanden.

Dei siste to dagane har det vore ein stor pågang med negativ merksemd retta mot denne minnesida. Fyrst frå Sogn Avis, deretter frå Bergens Tidende (journalist Rune Christophersen) og til slutt frå ABC Nyheter. Det siste oppslaget i ABC Nyheter er klipp og lim frå dei to fyrste. På same tid har det vore stor pågang av sinte og skjemmande innlegg frå einskildpersonar på sida. Me har vore nøydde til å sletta eit femtitals kommentarar som ikkje høyrer heime her. For oss som administrerar sida er det lett å sjå mønsteret i det heile. Dette har vore ein synkronisert kampanje mot minnesida.

Påstandane som vert sette fram i dei negative medieoppslaga og i dei sinte kommentarane er kort fortalt at denne minnesida misbrukar den tragiske hendinga som mordet på Margaret var. Dei aksepterar ikkje at mordet vert presentert i den konteksten som det faktisk skjedde i. Dei vil at minnesida eine og åleine skal fokusera på det personlege og det private kring Margaret.

Til dette svarar me: Det er ikkje det personlege og det private som førde til at denne minnesida fekk meir enn 80.000 støttespelarar. Tvert imot: Enn så tragisk og brutalt det var, så var det med sin død at Margaret Molland Sanden vart kasta ut i den norske ålmenta som ein offentleg person. Det spesielle med Margaret var nett det at ho kunne ha vore kven som helst: Ho kunne ha vore di syster eller di dotter. Ho kunne ha vore di studieveninne. Ho kunne ha vore din treningskamerat. Margaret Molland Sanden er berre ei av mange jenter som fall offer for styresmaktene sin vitlause innvandringspolitikk. Men i staden for å berre verta endå eit tal i statistikken, så har ho vore med og gjeve eit namn og eit andlet til dei jentene som politikarar og media har svikta på det grovaste.

Desse jentene er det vorte mange av – men familiane deira lider i det stille, utan nokon miskunn eller medynk frå politikarar og media. Det finst inga minneside for Andrine som tok sitt eige liv etter å ha vorte seksuelt misbrukt av eit kurdisk miljø på Kongsvinger frå ho var 13 år – utan at politiet lyfte ein finger. Det finst inga minneside for Eva Helgatun, den 14 år gamle jenta som tok sitt eige liv etter å ha vorte gruppevaldteken av ein innvandrargjeng i Trondheim. Heller ikkje har det vore noko støttegruppe eller fakkeltog for den 14 år gamle jenta som for ei tid sidan vart gruppevaldteken på det grovaste av ein afrikansk gjeng i Oslo – og der ein av gjerningsmennene slapp unna med samfunnsteneste for brotsverket!

Ingen hadde protestert mot at ei minneside for trafikkoffer hadde sett fokus på trafikkdøden og biltrafikken sine konsekvensar, men at innvandringspolitikken faktisk har sine offer, han med – nei, det kan det ikkje snakkast om, skal me tru massemedia. Og det endå dette er ei problemstelling som er meir aktuell enn nokosinne. Skjøna det den som kan!

Bussmassakren i Årdal var ein varsla katastrofe. Det hadde skjedd før, i 2003, og så skjedde det endå ein gong i 2013. Asylmottaket i Årdal vart tvinga på lokalfolkesetnaden, mot deira vilje. Konsekvensane vart fatale. Likevel har politikarane ingenting lært. Til neste år skal det koma så mykje som 120.000 asylsøkjarar til Noreg (fleire enn det finst menneske i heile Sogn og Fjordane), og det eine lokalsamfunnet etter det andre står for tur.

Som til dømes i Vadheim i Sogn og Fjordane. Desperate bygdefolk i Vadheim i Sogn og Fjordane freistar reisa nok kapital til at dei kan kjøpa det gamle hotellet i bygda. Dei vil nytta hotellet som ein møteplass for bygdefolk. Hotelleigar Anita Nyland Høyvik er derimot fast bestemt på at hotellet skal verta asylmottak for eit hundretals asylsøkjarar. Vadheim tel i dag kring 200 menneske, og folk er redde for konsekvensane når minst kvart tredje menneske i bygda snart er ein framandkulturell asylsøkjar.

På same måten som i Årdal skal mottaket tvingast på den lokale folkesetnaden, og med initiativet frå bygdefolket er det tydeleg kva kampen står om: Skal Vadheim få vera eit levande lokalsamfunn med møteplassar og samhald – eller skal det verta til eit parallellsamfunn i miniatyr? Skal ei bygd der alle kjende alle brått få verta endra til ein stad der ingen veit kva det er som ventar ute i mørket om kvelden?

Det har vore eit omkvede hjå mange av dei som har sendt oss sinte kommentarar at denne minnesida bryt med «alt det som Margaret stod for»? Det er lett å seia når Margaret sjølv ikkje lenger er her og kan svara for seg. Men kven er dei til å definera kva Margaret stod for? Det som er heilt sikkert er at Margaret ikkje var nokon politisk tenkjar. Ho var ei 19 år gamal jente på terskelen av vaksenlivet – og soleis kunne ho ha vorte til kva som helst. Kanskje hadde ho ein dag engasjert seg i politikken? Eller kanskje hadde ho gjort noko heilt anna! Men det var nett høvet til å vera ein politisk person og setja sitt eige fotavtrykk i det norske samfunnet som styresmaktene med sin ansvarslause innvandringspolitikk tok i frå henne. Margaret fekk aldri verta politikar, ho fekk aldri verta yrkesaktiv, ho fekk aldri verta mor til sine eigne born – og skal me tru dei som skriv sinte innlegg på denne nettsida, så skal ho heller ikkje med sin brutale og tragiske død få verta til noko anna enn eit tal i statistikken over offer for denne politikken!

Til dette svarar me: Nei! Det hadde vore falsk og uærleg å minnast Margaret utan at ein samstundes addresserte grunnen til at ho vart drepen. På same måten som det hadde vorte falsk og uærleg å minnast trafikkdrepne dersom ein samstundes arbeidde for å byggja ein motorveg gjennom eit bustadfelt med små born! For det er nett det som styresmaktene gjer i dag! Me som står bak denne minnesida er sjølve redde for framtida åt dei som skal veksa opp i dette landet!

Og me er ikkje dei einaste. Det store engasjementet kring denne nettsida er prov på det.

Relatert:

Exit mobile version