Site icon Lykten

To år siden en asylsøker myrdet Margaret Molland Sanden (19)

På dagen 2 år etter Margarets død så gjer styresmaktene det kjent at det skal koma 15 nye asylmottak i 12 vestlandskommunar. Kva slags menneske som flytjer inn i desse mottaka er det i realiteten ingen som helst slags kontroll med. I oktober kom det meir enn 8000 asylsøkjarar til Noreg, og det berre aukar på. 80 prosent av dei er ikkje kvinner og born, men snarare unge og einslege menn. Til neste år kan det koma heile 120.000 av dei, det er styresmaktene sine eigne prognosar…

Det var mange som hadde vona at bussterroren i Årdal skulle verta ein tankevekkjar for dei styrande i landet vårt. Det har ikkje skjedd, snarare tvert imot: Styresmaktene held fram med å føra ein politikk som gjer tidlegare så trygge lokalsamfunn til ein fårleg stad å bu – og til ein endå fårlegare stad å veksa opp. I Høyanger er snart ein av fire innbyggjarar ein asylsøkjar, men det er likevel ingenting mot til dømes Bolkesjø i Telemark der 550 asylsøkjarar skal flytja inn i ei bygd som tidlegare berre talde 40 menneske.

Medan arbeidsløysa i Noreg slær nye rekordar, og der snart seks prosent av folkesetnaden er utan arbeid, så er det unge asylsøkjande mannfolk frå Afghanistan som no flytjer inn i dei tome anleggsbrakkene på Coast Center Base på Sotra. Det er likevel berre byrjinga: Styresmaktene planlegg å byggja brakkelandsbyar med plass til meir enn 3000 menneske i kvar av dei.

Brakkebyar fulle med unge og utolmodige mannfolk frå kulturar med heilt andre verdiar og heilt anna kvinnesyn enn det me er vande med. Frå Oslo har me tidlegare høyrt skrekk-meldingane om afrikanske gjengar som overfell og gruppevaldtek mindreårige, men no er slike valdtekter vorte vanlege jamvel i Førde i Sogn og Fjordane. Det er slutt på den tida då kvinner og jenter kunne gå fritt.

Og det er også slutt på den tida då ein berre kunne teia stilt og flytja til ein ny og meir fredeleg stad: Styresmaktene planlegg heile 2000 nye asylmottak – og kvart eit nedlagt hotell, kvar ein campingplass, kvart einaste husvære som har stått tomt ei stund, det er eit potensielt asylmottak som kjem til å gjera nærmiljøet utrygt. Forfedrane våre sleit og streva for å byggja landet vårt – men me er no komne til den paradoksale stoda at di betre samferdselen og den generelle infrastrukturen er i nærmiljøet ditt, di fårlegare kan det snart verta å bu der…

Då Margaret vart myrda i november 2013, så hadde FrP vore 2 månader i regjering. No har dei vore 2 år i regjering, og innvandringa er meir ukontrollert enn nokosinne. Kommune- og fylkestingsvalet har alt synt at folket ikkje lenger har nokon tillit til at FrP kan løysa desse problema, og det er det heller ingen andre politikarar som kjem til å gjera. Fleire grufulle mord og valdtekter kjem til å vera prisen for den politikken som styresmaktene fører i dag. Fleire saker der media ikkje vil nemna gjerningsmennene sin etniske bakgrunn med eit einaste ord…

Eva Helgatun, Elin Krantz og Margaret Molland Sanden er berre nokre fåe av dei mange jentene som er vortne offer for den skrekken som herjar dei nordiske landa – jenter som fall i hendene på framande mannfolk utan respekt for nordiske liv, men der det ikkje var ein einaste nordisk mann som var der for å forsvara dei – redde som dei er for å verta stempla som «rasistar».

På ein dag som denne så skulle me så gjerne ha nøgd oss med å kveikja eit ljos og senda dei varmaste tankane til Margaret og hennar næraste. Nøgd oss med å vita at saka er teken hand om av politiet og at styresmaktene har teke den naudsynte lærdomen av dette «einskildtilfellet». Nøgd oss med eit stilt og vyrdsamt: «Kvil i fred, Margaret». Me skulle så gjerne ha slått fast at dette må aldri få skje endå ein gong, men i staden må me i vår maktesløyse konstatera at slike hendingar kjem me til å få gong etter gong. Tendensen er klår og tydeleg, endå om media freistar få oss til å tru noko heilt anna.

Det einaste folk kan gjera er å førebu seg på å leva i eit kaldare og farlegare samfunn. Noreg er ikkje lenger det som det ein gong var, og di tidlegare folk forstår det og tek fylgjene av det, di betre. Skaff dykk vakthund, lær dykk sjølvforsvar, ta den vanskelege praten med ungane dykkar om at det ikkje er alle som er til å lita på. Me har ikkje noko anna val lenger: Prisen for å lata vera kjem til å verta altfor høg. Dei vala me gjer for oss sjølve og borna våre, dei vala får konsekvensar. Jamvel dødelege konsekvensar.

Relatert:

Exit mobile version