Site icon Lykten

Ble Margaret sin familie presset av media til å distansere seg fra minnesiden?

Fra minnesiden til Margaret Molland Sanden:

Det har i dei siste dagane vore ein kampanje frå Sogn Avis (Hanne Stedje) og Bergens Tidende (Rune Christophersen og Gerd Tjeldflåt) for å få denne sida stengd ned. Takk vere masserapportering av sida for påståtte brot på Facebook sine retningsliner, så vart sida i går stengd ned. I går kveld kunne dei same media triumferande fortelja at nettsida var borte. Gleda deira vart likevel kortvarig: Det er ingenting «rasistisk» eller «høgreekstremt» med denne nettsida. Heller ikkje er det noko anna som bryt med Facebook sine retningsliner. No er det jamvel offisielt frå Facebook.

Medan Bergens Tidende ikkje nemnde Margaret med eit ord på toårsdagen for hennar død, så har dei køyrd kampanjejournalistikk mot denne sida i dagane etterpå. Kampanjen deira såg ut til å vera kruna med siger. Minnesida vart i går stengd ned og med det var dei 76.000 tilhengjarane avstengde frå å fylgja sida vidare. Margaret skulle frå no av berre verta hugsa av familien og hennar næraste. Ingen skulle lenger vera der og minna om tragedien ved treårsdagen neste år…

Margaret skal altså berre minnast av dei som kjenner henne personleg, årsakstilhøva for mordet kan ikkje omtalast – i alle fall ikkje kritisk, om me skal forstå tankegangen åt Sogn Avis og Bergens Tidende. Men det som hende i Årdal den 4. november 2013 var alt anna enn ei privat sak. Det er ei sak som gjeld den ålmenne tryggleiken i samfunnet vårt, og dimed er det ei offentleg sak.

Det er ingen som «eig» ei sak som bussterroren i Årdal. Å leggja saka på skuldrane til familien er under alle omstende ei mykje for tung bør å bera. Å minnast offera for bussterroren er ei plikt for oss alle. Å syta for at det ikkje skjer endå ein gong er vårt samfunnsansvar!

Med hundretusentals asylsøkjarar på veg til Noreg i året som kjem, så vert ikkje problematikken mindre aktuell. Snarare tvert imot. Siste nytt er at i den same kommunen som der Margaret vart drepen, der kan det no verta akuttmottak for meir enn 1000 menneske – i Dooriahallen på Årdalstangen! Det er fylkesmannen og DSB som på eiga hand skal tvinga igjennom dette, medan kommunen sine byråkratar får oppgåva med å samla praktisk informasjon. Politikarane både i kommunen og i fylket hamnar derimot heilt på sidelina.

Aktørane som i desse dagar skipar til akuttmottak er ikkje politisk valde. Dei er tvert imot byråkratar og private kontraktørar og profitørar. Med dei nye «akuttmottaka» kan lokaldemokratiet fullstendig setjast til sides, og det jamvel i spørsmål med alvorlege samfunnsmessige konsekvensar! Er det nokon grunn til å undrast at folk vert opprådde når alle dei normale politiske vegane faktisk er stengde?

«Ein prekær unntakssituasjon» kallar styresmaktene det. Men unntakssituasjonen ser ut til å verta permanent. Endå om det ein dag skulle verta fred i Syria, så er det dei færraste av asylsøkjarane som kjem derifrå. Samstundes vert me fortalde at folketalet i Afrika kjem til å auka frå 1 til 4 milliardar. Det me har sett er berre byrjinga…

I propagandaen som er vorten førd fram mot denne sida så har det vorte påstått at Margaret sin familie tek avstand frå sida og vil ha henne stengd ned. Men om ein les Sogn Avis og Bergens Tidende sine reportasjar med eit kritisk blikk, så ser ein snart at det er eitkvart som ikkje stemmer:

Sogn Avis har ein reportasje den 5. november 2015 under tittelen «Oppmodar om å ta avstand frå minneside». Men kven er dei som tek avstand? Det er ikkje familien, men ei som fortel at ho var veninne med Margaret som oppmodar til å ta avstand frå sida. Elles har Sogn Avis tala med kyrkjeverja og med lensmannen, det siste for å insinuera at noko nær sagt kriminelt går føre seg på sida. Frå familien heiter det derimot berre heilt kort i ein kommentar frå bistandsadvokaten at «familien tykkjer det er synd at minnesida vert brukt på denne måten». Noko tydeleg avstandstaking er det altså ikkje.

I Bergens Tidende fortel familien sin bistandsadvokat derimot litt meir:

«Familien synes det er synd at minnesiden brukes på denne måten. Siden fungerte fint i begynnelsen og familien opplevde den som positiv, men den har etter hvert blitt misbrukt til andre formål. Den typen diskusjoner som foregår der, hører ikke hjemme på en minneside».

Familien skal altså ha tykt om minnesida i byrjinga, men tykkjer ikkje noko om utviklinga som sida har fått seinare. Men stemmer dette? Nei, det stemmer ikkje. Denne sida har hatt akkurat den same innretninga heile tida, heilt sidan ho vart skipa for to år sidan. Alle som fylgjer historikken på sida kan sjå at ho ikkje har teke noko ny vending. Me har vore tydelege på den politiske dimensjonen av saka heile tida.

Under alle omstende så fortel familien sin advokat at dei tykte sida fungerte positivt til å byrja med, men kva var det Margaret sin bistandsadvokat såg seg nøydd til å seia til Sogn Avis sin oppsøkjande journalist i november 2013? Alt den gongen hadde Sogn Avis eit sterkt negativt vinkla innslag, under tittelen «Misbruker minnesida». Der kunne ein lesa fylgjande:

«Ifølgje familien sin talsmann, Per Kristian Pedersen, er det ikkje familien eller nokon av dei som står desse nær som står bak sida. Det er heller ingen som har teke kontakt for å få familien sitt samtykke til å oppretta sida.

– Det er veldig viktig å få fram at dette ikkje er ei side som familien har noko som helst med å gjera. Det er heilt sikkert gjort i beste meining og med tanke på å minnast Margaret, difor er det også synd at det skal bli assosiert med slike haldningar som dette, seier Pedersen.

Han har ikkje sett innhaldet på sida, men understrekar at rasisme, intoleranse og framandfrykt er stikk i strid med det menneskesynet familien står for.»

I dei to åra som har gått, så har me ikkje på eit einaste tidspunkt opplevd at familien sin advokat har teke kontakt oss for å få sida sletta eller innhald endra. Jamvel om Sogn Avis alt i november 2013 fekk familien til å distansera seg frå sida, så har dei altså i ettertid stadfest at dei tykte sida fungerte bra.

Men ikkje nok med det. I Bergens Tidende sitt triumferande oppslag i går kveld, «Facebook har fjerna minnesida», så fortel familien sin bistandsadvokat at dei tykkjer det er «trist» at sida no er vekke.

Ser me eit mønster i dette? Medan familien tydeleg nok ikkje kan ha hatt noko serskilt sterkt ynske om å få sida fjerna, så går media gong etter gong på familien for å få dei til å distansera seg frå sida. Familien har ikkje så mykje anna val enn å gjera nett det. Fyrst når massemedia tenkjer at sida er stengd ned for godt, så tillet Bergens Tidende seg å nemna at familien faktisk tykkjer det er _trist_ at det ikkje lenger finst ei side som kan sensibilisera folk om den tragiske hendingane som førde til Margaret sin død. At dei faktisk tykkjer det er trist at Margaret skulle missa livet til ingen nytte. At bussterroren i Årdal likevel ikkje skulle vera skrifta på veggen for Noreg, men nær sagt berre ei «ulukke» som familien og dei næraste skal få vera åleine om å minnast i det stille – utan at me andre skal ta nokon lærdom av det.

ME HAR HEILE TIDA VORE TYDELEGE PÅ AT DETTE ER EI MINNESIDE FOR MORDET OG TERROREN I ÅRDAL DEN 4. NOVEMBER 2013. EI SIDE SOM KLÅRT OG TYDELEG ADDRESSERAR DEN POLITISKE DIMENSJONEN AV SAKA, OG DET ER DEN SOM GJER AT DETTE ER EI SAK SOM GJELD OSS ALLE. ME HAR ALDRI UTGJEVE OSS FOR Å VERA EI PRIVAT MINNESIDE DRIVEN AV FAMILIEN. NO MÅ SOGN AVIS OG BERGENS TIDENDE ENDELEG LATA FAMILIEN FÅ VERA I FRED.

DETTE ER EI SAK SOM ER FOR TUNG OG FOR VIKTIG TIL Å LEGGJA PÅ SKULDRANE ÅT MENNESKE SOM HAR OPPLEVD DET VERSTE SOM FORELDRE KAN OPPLEVA. ANSVARET ER VÅRT NO. «ALDRI MEIR 4. NOVEMBER», DET ER FRAMLEIS OPP TIL OSS!

Exit mobile version